209 norske kommunar er definert som lite sentrale, og har til felles at arbeidsmarknaden er liten, avstanden til servicetilbod kan vere stor og innbyggjartalet er lågt. I desse kommunane har andelen innvandrarar vakse til 10 prosent sidan 2000-talet. Men no er noko i ferd med å endre seg igjen i norske bygder. Innvandringa til Noreg har gått nedover dei siste åra, og fått ein bråstans på grunn av koronaviruset.