I ein analyse til Stortinget konkluderer Høgsterett einstemmig med at den styresmaktsoverføringa til EU som vil skje i fjerde jernbanepakke, må kunne reknast som lite inngripande.
Det er første gongen sidan 1945 at Stortinget spør Høgsterett til råds på denne måten.
Saka er spesiell fordi EUs fjerde jernbanepakke gir EUs jernbanebyrå ERA myndigheit til å fatte avgjerder direkte mot aktørar i Noreg. Samtidig blir EU-domstolen klageorgan.
Dermed blir det overført makt til eit byrå der Noreg ikkje har stemmerett, og ein domstol der Noreg ikkje har dommarar.
Det bryt med normalen, som er at Noreg har sitt eige kontrollsystem gjennom EØS-tilsynet ESA og EFTA-domstolen.
Les hele saka: Høgsterett gir grønt lys for EUs jernbanereform (Fjordabladet, 26.03.21)
Se også saken: Grønt lys for EUs jernbanereform: – Sterkt beklagelig, mener Ap (FriFagbevegelse / NTB, 26.03.21)