Skip to main content
 

Grensene er stengt for utanlandsk arbeidskraft – norsk ungdom skal plante tre

07. mai 2021

Norsk ungdom skal redde treplantene som hopar seg opp – om dei får det til. Over heile landet vert det no halde kurs i treplanting.

– Eg trur me er berga med arbeidskraft. Me finn flinke folk, seier Ruben Bøtun, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Skogselskap.

I fjor opna regjeringa grensene for «for sesongarbeidarar frå EØS-land som skal jobbe i landbruk, gartneri, skogbruk og matindustri.»

I år har det ikkje kome slike signal.

I april vedtok Stortinget eit tilskot på 1,50 kroner per plante – for å stimulere til at fleire ungdommar tar seg sommarjobb med å plante skog.

NRK har tidlegare i vår fortalt om millionar av treplanter som stod i fare for å rotne på rot som følgje av strengare innreisereglar.

Arnt Laukeland er instruktør på kurset i Gloppen. Han trur det er mogleg å få ut plantane innan slutten av juni.

– Det er litt meir jobb å lære opp så mange ungdommar, men dei er lærevillige, seier han.

Les heile saka: Grensene er stengt – så no skal June og Marie plante tre (NRK Vestland, 07.05.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet