Skip to main content
 

Planteentreprenør: – Uerfaren, norsk ungdom er ikkje raske nok

17. april 2021

Norsk ungdom har ikkje nok tid og er heller ikkje effektive nok for å kunne vere med på den store skogplantinga som må skje no i vår. Sten Ivar Tønsberg i Stangeskovene AS meiner at regjeringa bør sleppe til utanlandsk arbeidskraft til skogplanting.

 – Vi har behov for å få inn profesjonell arbeidskraft. Ein som kan jobben, gjer det mykje raskare enn ein som ikkje kan det. Slik er det med det meste.

Det seier skog- og utmarksforvaltar Stein Ivar Tønsberg i Stangeskovene AS. Dei plantar ikkje berre i sine eigne skogar, men også for om lag 110 andre skogeigarar.

Vanlegvis får dei hjelp av utanlandsk arbeidskraft, men regjeringa vil ikkje sleppe inn folk i landet til desse arbeidsoppgåvene.

I staden vil både Stortinget og regjeringa at norsk ungdom skal ut i skogen og gjere jobben. Skogeigarane vil no få eit tilskot på 1,50 kroner for kvar plante.

Les hele saka: Planteentreprenør: – Uerfaren, norsk ungdom er ikkje raske nok (NRK Vestland, 17.04.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet