Fjordabladet, 26.03.21

Høgsterett gir grønt lys for EUs jernbanereform

Høgsterett stadfestar at det held med alminneleg fleirtal i Stortinget for å gi samtykke til EUs fjerde jernbanepakke. Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) kallar det ei viktig avklaring at Høgsterett no har falle ned på same konklusjonen som regjeringa.

– Dette er i tråd med det regjeringa har lagt opp til. No håpar eg Stortinget vil slutte seg til denne jernbanepakken, seier han.

I ein analyse til Stortinget konkluderer Høgsterett einstemmig med at den styresmaktsoverføringa til EU som vil skje i fjerde jernbanepakke, må kunne reknast som lite inngripande.

Det er første gongen sidan 1945 at Stortinget spør Høgsterett til råds på denne måten.

Saka er spesiell fordi EUs fjerde jernbanepakke gir EUs jernbanebyrå ERA myndigheit til å fatte avgjerder direkte mot aktørar i Noreg. Samtidig blir EU-domstolen klageorgan.

Dermed blir det overført makt til eit byrå der Noreg ikkje har stemmerett, og ein domstol der Noreg ikkje har dommarar.

Det bryt med normalen, som er at Noreg har sitt eige kontrollsystem gjennom EØS-tilsynet ESA og EFTA-domstolen.

Les hele saka: Høgsterett gir grønt lys for EUs jernbanereform (Fjordabladet, 26.03.21)

Se også saken: Grønt lys for EUs jernbanereform: – Sterkt beklagelig, mener Ap (FriFagbevegelse / NTB, 26.03.21)


Relaterte nyheter


  • Hvor vi er

    Besøksadresse: Borggata 2B,
    Grønland, Oslo.
    Kart

    Fafo Østforum

    Prosjektleder og web-redaktør:
    Anne Mette Ødegård

    Prosjektmedarbeidere:
    Alf Tore Bergsli og Tina Østberg

    Kontakt redaksjonen: Epost

    logo fafo 194x64

    Postboks 2947 Tøyen, 0608 Oslo
    Tlf: (+ 47) 22 08 86 00
    Daglig leder: Tone Fløtten

    Copyright © 2021 fafooestforum.no | Design: Alf Tore Bergsli, programmering: Ørnulf Bratlie