FriFagbevegelse, 19.10.21

Fellesforbundet krev innleige-forbod i bygg i Oslo-området straks

Fagforeiningar meiner det er løftebrot at regjeringa ikkje forbyr innleige frå bemanningsbyrå på byggeplassar i Oslofjord-området som strakstiltak.

I Hurdalsplattforma til Ap og Sp, heiter det at regjeringa vil «sette i gang eit lovarbeid for å avgrense omfanget og rolla til bemanningsbransjen».

Arbeidet skal komme i gang raskt, kommenterer arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik i ein epost.

– Gjennom dette arbeidet vil vi ta stilling til om innstrammingane vil komme i form av lov, forskrift eller begge delar, opplyser Tajik.

– Ei utgreiing er heilt naturleg for eit lovforslag som gjeld bemanningsbransjen i heile landet, meiner Joachim Espe, fagforeiningsleiar Joachim Espe i Bygningsarbeidernes Fagforening

– Men eit strakstiltak innanfor bygg i Oslo-området er overmodent, eit løfte frå dei raudgrøne partia og behovet er godt dokumentert, argumenterer han.

Han får støtte frå Fellesforbundet-nestleiar Steinar Krogstad.

Les hele saken: Bemanningsbyrå og bemanningsbransjen: Fellesforbundet krev innleige-forbod straks (FriFagbevegelse, 19.10.21)


Relaterte seminarer

Storrengjøring i arbeidslivet

Relaterte nyheter

  • Relaterte publikasjoner


    Hvor vi er

    Besøksadresse: Borggata 2B,
    Grønland, Oslo.
    Kart

    Fafo Østforum

    Prosjektleder og web-redaktør:
    Anne Mette Ødegård

    Prosjektmedarbeidere:
    Alf Tore Bergsli og Tina Østberg

    Kontakt redaksjonen: Epost

    logo fafo 194x64

    Postboks 2947 Tøyen, 0608 Oslo
    Tlf: (+ 47) 22 08 86 00
    Daglig leder: Tone Fløtten

    Copyright © 2021 fafooestforum.no | Design: Alf Tore Bergsli, programmering: Ørnulf Bratlie