Skip to main content
 

Stortinget tek grep mot lønnstjuveri

07. juni 2024

Sjøfolk frå Ukraina og Litauen fekk jobb i Noreg, men lønna uteblei. No bankar opposisjonen på Stortinget gjennom tiltak mot lønnstjuveri – mot regjeringas vilje.

Frå august i fjor blei det ikkje fleire lønningsdagar for fem utanlandske sjøfolk i Noreg. Fire av sjømennene hadde flykta frå Ukraina. Dei var i glade for å ha fått jobb i Noreg, men gleda tok brått slutt. Reiarlaget Aas Kystservice AS slutta ganske enkelt å betale.

Etter at fleire klaga på manglande betaling, kontakta sjøfolka Sjømannsforbundet, der dei var medlemmer. Med forbundet i ryggen gjekk dei fem til sivilt søksmål mot sjefen.

Dommen gjekk i favør av sjøfolka: Reiaren måtte nå ut med over 800.000 kroner. Det var pengar han ikkje hadde. Då melde forbundet sjefen i reiarlaget til politiet for lønnstjuveri. Politiet starta etterforsking. Så blei det stille.

Sidan politiet legg bort over ein låg sko, foreslo Høgre i vår åtte andre tiltak for slå ned på lønnstjuveri. No er det fleirtal på Stortinget for to av forslaga:

  • Å greie ut staten som lønnsinnkrevjar. Altså: Viss du ikkje får lønna di, skal staten sørge for at du får betalt. Ordninga skal gjelde openberre tilfelle av lønnstjuveri.
  • Greie ut fri rettshjelp eller anna juridisk hjelp til offer for lønnstjuveri. Altså advokathjelp på rekninga til det offentlege.

Dei to punkta som no får fleirtal på Stortinget, får ikkje arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) til å rope hurra. Ho åtvarar mot misbruk.

– Det kan tenkast at vissa om at staten uansett vil dekke lønna, i seg sjølv kan gi grunnlag for, eller forlenge, situasjonar med lønnstjuveri. Det kan også vere eit misbrukspotensial knytt til for eksempel fiktive arbeidsavtalar, seier Brenna.

Nyhet