Skip to main content
 

Spørsmål om å få ned saksbehandlingstida for høgkompetent arbeidskraft frå tredjeland

17. mars 2025

Alfred Jens Bjørlo (V) spør arbeids- og inkluderingsministeren korleis vedtaket som Stortinget gjorde tidlegare i år om å få ned saksbehandlingstida for høgkompetent arbeidskraft frå tredjeland blir følgt opp, og om statsråden vil vurdere å etablere eit hurtigspor for arbeidsinnvandrarar med fagutdanning tilsvarande dansk praksis.

Begrunnelsen er at spørsmålsstillar, i møte med aktørar i næringslivet, får tilbakemeldingar om at aktørar som bistår bedrifter med å skaffe faglært arbeidskraft, nærast har sluttet å rekruttere faglært personell frå land utanfor EU/EØS.

Svært lange behandlingstider gjer det uforutsigbart for norske bedrifter, og økonomisk risikabelt for jobbsøkarar å investere i ein visumsøknad. Ventetida er ofte på meir enn eitt år, og det er høg risiko for negative vedtak.

Dette gjer òg at fagarbeidarar som sveisarar, elektrikarar, industri- og bilmekanikarar og teknikarar heller vel å reise til andre land, fordi kompetansen deira er ettertrakta og etterspurd i Europa og verda for øvrig.

Noreg skil seg på dette området vesentleg i både praksis, ventetider og regelverk frå Danmark og andre av våre naboland, der ein har oppretta «hurtigspor» for arbeidsinnvandring for fagarbeidarar som det er mangel på i eige land, og generelt sørgjer for ei smidig og rask sakshandsaming.

Nyhet