Skip to main content
 

Meining: – EØS-avtalen gjev meir kabotasje

18. august 2024

I eit lesarinnlegg beskriv Anders Hamre Sveen (Raudt Stryn) ei bekymring for at EØS-avtalen gjev meir kabotasje. Kabotasje er transport mellom stader i eit anna land enn der transportøren høyre heime.

I Yrkestransportlova § 10 slåast det fast at «Den som har forretningsstad i utlandet og som vil utføre transport av personar eller gods mot vederlag til eller frå Noreg, må ha særskilt samtykke frå Noreg når ikkje anna følgjer av internasjonal avtale der Noreg er part».

Samstundes vert det i Yrkestransportlova si § 14 om «Internasjonal transport og kabotasje utanfor EØS» slått fast at «Tillatingar etter § 10 første ledd vert gjevne av Statens vegvesen».

Sveen skriv at Noreg har færre verktøy til å regulere, eventuelt stanse, kabotasje, når det er snakk om transportfirma som er registrert i EØS-området, samanlikna med transportfirma utanfor EØS, og at EØS-avtalen difor førar til meir kabotasje i Noreg.

– I Raudt sitt gjeldande arbeidsprogram vert det slått fast at kabotasjekøyring bør verte forbode inntil ein bransjeavtale og andre verkemiddel for å regulere godstransport på veg i Norge er på plass. Meir kabotasje har ført til ei auke i sosial dumping av lønns- og arbeidsvilkår innan transport i Noreg, skriv Sveen.

Nyhet