Skip to main content
 

Vil sikre gode arbeidsvilkår i grøntnæringa

30. mai 2024

Mange utanlandske arbeidstakarar er på plass for å jobbe med bær, grønsaker og frukt i landbruket. Arbeidstilsynet er i gang med tilsyn, og i år har vi særleg fokus på lønns- og arbeidsvilkår og innkvartering.

Under årets tilsyn med landbruksnæringa, vil Arbeidstilsynet særleg kontrollere:

  • at det er inngått skriftleg arbeidsavtale med dei tilsette,
  • at krava til allmenngjord lønn blir etterlevde, og at lønn blir utbetalt til arbeidstakars konto,
  • at krava til arbeidstid og overtidstillegg blir etterlevde, og arbeidsgivars timeregistrering, og 
  • at innkvartering som arbeidsgivar tilbyr tilsette, er forsvarleg og i samsvar med regelverket.

Regelverket for innkvartering er oppdatert og gjort tydelegare. Regelverksendringane trer i kraft frå 1. juni.

Nyhet