Skip to main content
 

– Ukrainske flyktningar må få lov til å bli bussjåførar no!

15. august 2023

– Eg ber statsministeren gjere unntak frå gjeldande reglar, slik at ukrainske flyktningar i Noreg kan bli bussjåførar. Det seier fylkesordførar Jon Askeland etter at han har sendt brev om dette til Jonas Gahr Støre. Flyktningane må ha budd fire år i Noreg for å kunne køyre buss.

– Vi har store utfordringar med å rekruttere bussjåførarar. Dette er forverra etter pandemien. Arbeidstakarar frå austlege EØS-land har ikkje kome tilbake. Vestland fylke har prøvd rekruttering av sjåførar i EØS-land utan hell. Årsaka som blir oppgitt, er at det er stram arbeidsmarknad nedover i Europa også, seier fylkesordføraren.

Rundt 70 000 ukrainarar er til no komne til Noreg. I brevet til statsministeren ber fylkesordføraren om at regjeringa gjer unntak frå det aktuelle lovverket for ukrainarar.

Nyhet