Sosial dumping i hotell og restaurant: Staten stoppar krav om minstelønn for å ha skjenkebevilling
Statsforvaltaren har allereie nekta éin kommune å krevje at utestadar betaler lovfesta minstelønn for å kunne ha skjenkebevilling. Tvedestrand kan bli den neste.
– Vi ønsker å ha ordna arbeidsforhold i kommunen vår, seier ordførar Marianne Landaas (H) i Tvedestrand kommune om bakgrunnen for forslaget ho tok opp i formannskapet 7. september, og som einstemmig vart sendt vidare til politisk behandling.
Forslaget er å innføre eit krav til skjenkestadar om å betale lovfesta minstelønn i bransjen eller ha tariffavtale med dei tilsette. Dersom utestadane ikkje innfrir kravet, kan kommunen trekke skjenkebevillinga tilbake.
– Krav om minstelønn gir tilsette eit vern mot sosial dumping, og sikrar dessutan riktig pensjonsopptening og sjukelønn. I tillegg er det ein tryggleik for dei seriøse bedriftene som driv ordentleg og ryddig, meiner Landaas.
Eit sånt vedtak i kommunen er ulovleg, meiner Statsforvaltaren i Agder, som viste til ein såkalla lovlegheitskontroll av eit liknande vedtak i Horten kommune.
I Horten vart det bråstopp for kravet om minstelønn.
Les hele saken: Sosial dumping i hotell og restaurant: Staten stoppar krav om minstelønn for å ha skjenkebevilling (FriFagbevegelse, 30.09.21)