Skip to main content
 

Hundretals polakker vil ha pengane tilbake fra Norge etter å ha blitt ende på karantenehotell

21. mai 2021

I februar i år stramma regjeringa inn på innreisekrava for EØS-borgarar. Plutseleg var det ikkje nok å bu i Noreg – ein måtte også vere folkeregistrert her for å få sleppe inn. Over 3200 personar er viste bort frå Noreg sidan regjeringa stramma inn, viser nye tal. No vil mange av dei ha tilbake pengar dei betalte for karantenehotell.

I går sende advokatfirmaet Andersen & Bache-Wiig eit varsel om søksmål til Justisdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Firmaet representerer per no rett under 700 EU/EØS-borgarar som er villige til å utfordra Staten i retten. Målet er å prøva om ordninga med karantenehotell er lovleg, og i tråd med Grunnlova og menneskerettane.

– Det er eit stort behov for ei skikkeleg rettsleg vurdering av karantenehotellordninga, seier advokat Lina Smorr.

Les hele saka: Hundretals polakker vil ha pengane tilbake fra Norge etter å ha blitt ende på karantenehotell (NRK, 21.05.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet