Skip to main content
 

Regjeringa snur om strenge innreisereglar. No truar 2000 polakkar med søksmål mot staten

12. mai 2021

Noreg har brote menneskerettane ved å nekte EØS-borgarar innreise til landet, meiner kritikarar. Frå 21. mai vil justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) lette på dokumentasjonskrava ved innreise, men regjeringa risikerer massesøksmål.

I februar i år stramma regjeringa inn på innreisekrava til EØS-borgarar.

For å komme inn i landet heldt det ikkje med å bu i Noreg – ein måtte også vere registrert i Folkeregisteret. Mange EØS-borgarar som bur og arbeider i Noreg, men ikkje var folkeregistrert, vart difor stoppa på grensa og tvangsreturnert. Tal frå Politiet si utlendingseining viser at 2100 personar har blitt vist vekk i perioden januar til mars.

Men frå 21. mai blir det no lettingar i reglane.

Advokat Lina K. Smorr ved advokatfirmaet Andersen & Bache-Wiig, er ein av juristane som har uttalt til NRK at innreisekrava har brote mot EØS-avtalen og menneskerettane. Ho representerer 2000 polske borgarar som har blitt ramma av innreisereglane. Smorr seier det er positivt at regjeringa snur, men truar med søksmål om regjeringa ikkje pungar ut for dei råka.

– Det held ikkje å lempe på krava. Justisdepartementet må sjå bakover og kompensere dei som har lidd eit tap, seier Smorr til NRK.

Les hele saken: Regjeringa snur om strenge innreisereglar. No truar 2000 polakkar med søksmål mot staten (NRK Vestland, 12.05.21)

Se også pressemeldingen: Unntak fra innreiserestriksjonene: Lettelser i dokumentasjonskravet for utlendinger som er bosatt i Norge (Justis- og beredskapsdepartementet, 12.05.21)

Les også: Koronasituasjonen: Justis- og beredskapsministerens orientering 28. april 2021.

Relaterte temaer

 
Nyhet