FriFagbevegelse, 26.02.21

Polske Ryszard har jobba i Norge i 13 år, men står utan inntekt når grensa er stengd

Ryszard Jankowski (44) har jobba i Norge sidan 2008. Då regjeringa korona-stengde grensene natt til 29. januar, stod han plutseleg utan inntekt i jobben som målar og sandblåsar i ISO-bedrifta Solidenergy AS. Blodig urettferdig at arbeidspendlarar blir ståande utan inntekt, meiner Fellesforbundet, og ber regjeringa ta ansvar.

– Stenginga av grensa tok levebrødet frå meg og mange av kollegaene mine. No pådrar eg meg gjeld fordi eg ikkje kjem inn i Norge, fortel Ryszard.

– Eg jobbar lovleg i Norge, betaler skatt, og likevel har den norske staten latt oss stå utan hjelp, seier Fellesforbundet-medlemmet.

Polakken har jobba på ei rekke verft på Vestlandet dei siste 13 åra, og no skulle han vore på jobb hos Aibel i Haugesund.

Vanlegvis jobbar han 14 dagar i Norge, før han er 21 dagar heime med kona og dottera i den vesle byen Niekłończyca. Under koronaen har han vore heile 24 dagar i Norge, sidan han må sitte 10 dagar i karantene.

No ber han fellesskapet om økonomisk støtte i form av kompensasjon for tapt arbeidsinntekt, sånn andre skattebetalande arbeidsfolk har fått frå den norske staten under koronaen. Det krev også LO.

Les hele saken: Polske Ryszard har jobba i Norge i 13 år, men står utan inntekt når grensa er stengd (FriFagbevegelse, 26.02.21)

Relaterte temaer


Relaterte seminarer

Hvordan er livet som arbeidsinnvandrer under koronapandemien?

Relaterte nyheter


Hvor vi er

Besøksadresse: Borggata 2B,
Grønland, Oslo.
Kart

Fafo Østforum

Prosjektleder og web-redaktør:
Anne Mette Ødegård

Prosjektmedarbeidere:
Alf Tore Bergsli og Tina Østberg

Kontakt redaksjonen: Epost

logo fafo 194x64

Postboks 2947 Tøyen, 0608 Oslo
Tlf: (+ 47) 22 08 86 00
Daglig leder: Tone Fløtten

Copyright © 2021 fafooestforum.no | Design: Alf Tore Bergsli, programmering: Ørnulf Bratlie