Skip to main content
 

Stengte grenser: Regjeringa lovar korona-lønn til arbeidsfolk som er utestengd frå jobben i Norge

05. mars 2021

Dei som var utanfor landet då regjeringa stengde grensa, har gått over ein månad utan inntekt. – Dette er sosial dumping på høgaste nivå, seier Fellesforbundet-leiar Jørn Eggum. – Det finst ikkje reglar for kompensasjon til arbeidstakarar som ikkje kjem seg på jobb. Departementet har vurdert ei inntektssikringsordning heile vegen. Det er høgt prioritert og vi vil kome med ei løysing så snart vi kan, lovar statssekretær Saida Begum (H) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

– Vi kjem til å følge opp signal og lovnader som kjem derfrå, seier Eggum.

Han viser til at regjeringa har hatt eitt år på seg til å førebu stengde grenser.

Fellesforbundet har den siste månaden fått mange meldingar frå medlemmer i industrien og byggebransjen som no er utestengd frå jobben i Norge og dermed ikkje har inntekt, sjølv om dei har bidratt til det norske fellesskapet gjennom mange år.

– Det er hjarterått. Folk har gjort det dei skal gjere, jobba, skatta og betalt trygdeavgift, og så stenger regjeringa grensa utan omtanke for desse. Og attpåtil stemmer dei ned forslag som kunne bidratt til å få dette på plass, seier forbundsleiaren.

For to veker sidan foreslo Ap, Sp og SV at grensependlarar skulle få økonomisk kompensasjon, for eksempel gjennom regelverket for sjukepengar eller dagpengar frå NAV.

Regjeringspartia og Frp stemte ned forslaget. Statsråden viste i debatten til at regjeringa etter EØS-reglane ikkje kan lage eigne reglar for berre ei gruppe EØS-borgarar, og Frp-politikar Erlend Wiborg sa at partiet ikkje ønskte at norske skattepengar skulle gå til austeuropearar.

Les hele saken: Stengte grenser: Regjeringa lovar korona-lønn til arbeidsfolk som er utestengd frå jobben i Norge (FriFagbevegelse, 05.03.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet