Utanlandske arbeidstakarar frå EØS-området får kompensasjon for den tida dei er hindra i å kome på arbeid medan grensene til Noreg er stengde. Arbeidsgjevar skal forskuttere beløpet og søke refusjon frå NAV. Refusjonsordninga for arbeidsgjevarar vil starte i neste veke, og ordninga gjeld tilbake i tid til 29. januar 2021.