Skip to main content
 

UiO-lektor: Nynorskkurs kan gjera at minoritetsspråklege forstår dialektane betre

06. juni 2023

Eit nynorskkurs ved Universitetet i Oslo skal bidra til at studentar skal forstå dei norske dialektane betre. Ein polsk student Uniforum har snakka med trur kurset kan vera føremålstenleg for utanlandske arbeidstakarar som ynsker å flytta til Noreg for å jobba.

– Eg hugsar ei venninne av meg som heldt norskkurs i Poznan, fekk ein førespurnad frå ein polsk mann om ho kunne gje han eit kurs i vestnorsk, sidan han skulle dit for å jobba. Det kunne ho ikkje for ho kunne berre standard bokmål frå Oslo. Men eg ville ha kunna tilbode han eit slikt kurs etter det opphaldet eg no har hatt på UiO, seier Bartolemiej Kozowski.

Nyhet