Regjeringa sender på høyring eit forslag om å gjeninnføre kollektiv søksmålsrett ved ulovleg innleige.
– Regjeringa har vore tydeleg på at me vil gjeninnføre søksmålsretten. Det skal straffe seg å bryte innleigereglane, og dette blir det første grepet for å luke bort dei useriøse aktørane, seier arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik.