I haust gjekk Høgre-leiar Erna Solberg ut med eit valkampløfte saman med NHO-sjef Ole Erik Almlid.
Dei lova auka tilgang til innleige og midlertidigheit i arbeidslivet, for å få fleire inn i arbeid.
– Me veit at bemanningsbyråa var vegen inn for veldig mange av dei som sleit i arbeidsmarknaden, sa Solberg i haust.
Men meir midlertidigheit og innleige er Raudt, nestleiaren i Fagforbundet og forbundssekretæren i Fellesforbundet fullstendig imot.
Dei har samla seg på landsmøtet til Raudt denne helga, og nyttar høvet til å koma med ei felles valkamputspel. Dei vil:
- Fjerna innstrammingsunntaket for helse- og omsorgssektoren på innleige, slik at det også her blir strengare å ta i bruk innleigd arbeidskraft.
- Utvida innleigeforbodet i byggebransjen i Oslo, Vestfold og Viken til fleire område og bransjar.
NRK publiserte denne saken 02.03.25, og oppdatert den 05.03.25