Skip to main content
 

Noreg er eit av dei verste landa å jobbe i – det har Victor fått kjenne på

29. juli 2023

Ein ny rapport frå InterNations seier at Noreg er eit av dei verste landa for utlendingar å jobbe i. Det kan få stygge konsekvensar for rekrutteringa, meiner NHO Reiseliv.

– Eg opplevde at kundar snudde i døra og ikkje ville ete her fordi eg ikkje kunne norsk, seier portugisiske Victor Aguiar.

Administrerande direktør i NHO Reiseliv Kristin Krohn Devold, meiner det kan bli store konsekvensar om vi ikkje møter utanlandske arbeidarar på ein betre måte.

– Alternativet er at arbeidskrafta reiser til Danmark, Tyskland, Polen eller eit anna land. Då stoppar helsesektoren, sjukeheimane og reiselivet opp, seier ho.

Les også lederen: At Norge er det nest verste landet i verden å være utenlandsk arbeidstager i bør bekymre oss (Avisa Nordland, 01.08.23)

Nyhet