Skip to main content
 

Lønnstjuveri vrir varetransport over på vegane

30. juli 2023

Sjølv om «alle» vil ha meir miljøvennleg frakt av gods på sjøen, blir det meir tungtransport på vegane. Fleire peikar på lønnstjuveri.

Det norske vegnettet kneler snart under vekta av tungtransporten, og det er auka press på å få meir av varetransporten over på sjø. Likevel har «sjøtransport-revolusjonen» late vente på seg, og snarare vore på retur.

Fiktiv bokføring, svart betaling og brot på arbeidstidsreglane skaper «eit kunstig lågt kostnadsbilete» på vegen, og vrir transporten vekk frå jernbane og båt, ifølje Per Herman Pedersen, avdelingsdirektør i Statens vegvesens krimavdeling.

I forkant av pandemien, rapporterte Arbeidstilsynet at det var brot på lønnsvilkåra for utenlandske sjåførar i 63 prosent av tilfella. Tilsvarande viser YTF at fleirtalet av utanlandske tungtransportsjåførar som kryssar grensa ikkje får betalt det dei har rett på.

Fleire peikar på at summen av lønnstjuveri, svart betaling og postkasseselskap i transportbransjen gjer at reknestykka som viser at det lønnsamt å byte til sjøtransport, tek utgangspunkt i eit falskt kostnadsbilete.

Nyhet