Skip to main content
 

Har auka lønna for å lokke til seg utanlandsk arbeidskraft

08. februar 2024

Det er ein oppsving i den maritime industrien og stort behov for arbeidskraft. Men det er utfordrande å skaffe nok fagfolk.

– Vi må tiltrekke oss utanlandsk arbeidskraft. Dessverre er det vanskeleg å få nordmenn til å jobbe innanfor plate- og sveiseyrket, seier gründer og produksjonssjef John Arve Sundet.

Bedrifta har eige rekrutteringskontor i Romania og tilsett folk regelmessig.

Medan det tidlegare har vore lukrativt for utlendingar å jobbe for norsk løn, fører den svake krona til at lønna er mindre verdt i heimlandet. Nå har Bauta auka lønningane og betra avtalene for å gjere seg meir attraktive.

Bransjeorganisasjonen Norsk Industri ser ein oppsving i den maritime industrien, og trur konkurransen om arbeidskraft kan bety at bedriftene må betale høgare løn.

– Eg trur dei får tak i arbeidskraft, men den kan bli dyrare. Til dels må dei basere seg på innleige i dei veldige oppgangsperiodane, seier fungerande administrerande direktør, Knut E. Sunde.

Nyhet