– Det er krevjande å lære opp ein heil arbeidsstokk på nytt. No går det mykje på planlegging, og prioritering av arbeidsoppgåver. Mor på 66 er med på traktoren igjen, seier Wiig.
Kari Aarekol, seniorrådgjevar hos Norsk Landbruksrådgjeving på Jæren, ser at det er fleire desperate bønder der ute akkurat no.
Men det kan vere håp i sikte. Fredag vedtok regjeringa å setje i verk ei dokumentasjonsordning for grøntnæringa, som gjer det mogleg for bønder å søkje om innreise for nødvendig arbeidskraft.
– Denne ordninga kan hjelpe enkelte, men ikkje alle, seier Aarekol.
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) oppfordrar bøndene til å plante det dei har moglegheit til å plante, til trass for at tida framover førebels ser usikker ut.
– Gjennomfør dei planane du har. Bruk arbeidskraft gjennom Nav, skuleungdom, og familie. Så gjer me det me kan.
Les hele saken: Bønder er usikre på om dei får nok arbeidskraft til innhaustinga: – Det er tøft (NRK Rogland, 22.03.21)
Relaterte temaer