Skip to main content
 

Eitt hinder står i vegen for hotellopning: Mangel på utanlandske sesongarbeidarar

26. april 2021

Etter månader med stengde dører og oppussing, gjer hotella i Hardanger no alt for å få opna for fullt i mai. Mangel på utanlandske sesongarbeidarar gjer at norske hotell ikkje har folk til å gjera jobbane. – Dei har vore her i mange år og er vanskelege å erstatta. Du må jobba for å få norske tilsette til å koma til Ulvik, sjølv kor vakkert det er her, seier hotelldirektør i Hardanger.

Grunna korona har det kome innreiserestriksjonar som gjer at dei utanlandske sesongarbeidarane ikkje får koma inn i landet.

– Då dei nye innreiserestriksjonane kom, forstod me at me hadde ei stor utfordring, sier hotelldirektør Ingrid Prestegard på Brakanes hotell i Ulvik i Hardanger.

Hun er redd dette kan påverka kvaliteten, og å finna alternativ arbeidskraft i Hardanger er ikkje lett.

– Me lyser ut i alle kanalar og brukar nettverka våre for alt det er verdt, men ein reinhaldar, ein kokk eller ein servitør veks nødvendigvis ikkje på tre. Du må jobba for å få dei tilsette til å koma til Ulvik, sjølv kor vakkert det er her.

No har NHO Reiseliv fått ein eigen avtale med NAV der dei skal samarbeida om å hjelpa dei bedriftene som treng tilsette raskt.

Les heile saka: Hotella klør etter å få opna igjen, men manglar arbeidarane (NRK Vestland, 26.04.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet