Skip to main content
 

Brenna (Ap): – Arbeidsplassen er den beste integreringsarenaen

  • 10. november 2023

Krigen held fram i Ukraina, og millionar av menneske er på flukt. No ber styresmaktene norske kommunar førebu seg på å busetja 37 000 flyktningar neste år. Regjeringa vil at ukrainarane som kjem hit skal ha eit godt opphald, og kjem ut i jobb og forsørgjer seg sjølv.

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å spissa introduksjonsprogrammet med mål om å få endå fleire raskare i jobb.

– Eg meiner arbeidsplassen er den beste integreringsarenaen, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Nyhet