Skip to main content
 

Verft krev tre testar av utanlandske arbeidarar

13. oktober 2020

Fleire norske verft har blitt ramma av utanlandsk importsmitte. No vil Kværner Stord at alle utanlandske arbeidarar skal testast også i heimlandet. – Det er ein fordel at dei utlendingane som kjem til Noreg blir testa i heimlandet, seier direktør Knut Sunde i Norsk Industri. Men slike testar er ikkje godkjende av norske myndigheiter. Utanlandske arbeidarar må difor testast også når dei kjem til Noreg.

Sjølv om Kværner Stord ikkje har hatt eit stort utbrot, måtte alle dei 240 arbeidarane som kom til verftet førre sundag i karantene. Det viste seg at fem av dei hadde korona.

– Ingen av arbeidarane fekk jobba, dei måtte sitja og venta i to dagar i brakkene dei bur i, til smittesporingsarbeidet var gjort, seier Odd Naustdal, kommunikasjonssjef i Kværner Stord.

Verftet er no lei importsmitten, og frå neste mannskapsbyte set dei krav om at alle utanlandske arbeidarar skal visa ein negativ test i heimlandet før dei set seg på flyet til Noreg.

Kværner Stord er ikkje det einaste verftet som har fått smitte blant sine utanlandske tilsette.

80 har fått påvist covid-19 etter eit utbrot ved hjørnesteinsbedrifta Havyard i Hyllestad. Likevel vil ikkje dei gi påbod om at dei utanlandske arbeidarane må testa seg i heimlandet.

Verftet Aibel i Haugesund har ikkje enno innført eit krav om test i heimlandet, men vurderer det. Dessutan har dei tilrådd det til sine leverandørar.

Les hele saken: Verft krev tre testar av utanlandske arbeidarar (NRK Vestland, 13.10.20)

Relaterte temaer

 
Nyhet