Skip to main content
 

Koronavirus: Fylkeslegen i Vestland vil stramme inn for utanlandske arbeidarar

22. oktober 2020

Seks bedrifter langs kysten har hatt smitteutbrot blant utanlandske arbeidarar. I Vestland ber dei om ei innstramming av karantenereglane som industrien tidlegare har fått mjukna opp.

Seks stader i Noreg har dei opplevd at utanlandske arbeidarar testa negativt på første koronatest, og deretter positivt på den neste testen. I mellomtida hadde dei vore på jobb i bedrifta.

Polen er eit av landa med mykje smitte. Frå dette landet kjem det mange importarbeidarar til Noreg, og for tida også mykje importsmitte.

Dei siste vekene har 210 personar fått med seg smitte frå utlandet til Noreg. Halvparten av desse kom reisande frå Polen, og sannsynlegvis jobbar fleire av dei i norske industribedrifter.

Les hele saken: Her herja koronaviruset – fylkeslegen vil stramme inn for utanlandske arbeidarar (NRK, 22.10.20)

Relaterte temaer

 
Nyhet