Skip to main content
 

Verft er stengt etter at utanlandsk arbeidar blei smitta

05. november 2020

Importsmitte frå utanlandske arbeidskraft er ei stor utfordring for Noreg. Alle tilsette ved eit skipsverft i Vestnes må halde seg heime etter at ein utanlandsk arbeidar er koronasmitta. No innfører regjeringa strengare krav for innreise. Ålesund-ordfører helsar nye tiltak velkomen. NHO-direktør etterspør kompensasjonsordningar for smitteverntiltaka.

Regjeringa varslar at dei som kjem frå raude land må vise attest på at dei har negativ test tatt under 72 timar før innreise.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, (Ap) helsar nye tiltak velkomen.

NHO-direktøren i Møre og Romsdal, Espen Remme, er tydeleg på at innstramminga frå regjeringa er viktig. Men Remme slår fast at verfta er heilt avhengige av arbeidskraft frå andre europeiske land, og han meiner regjeringa bør få på plass kompensasjonsordningar for smitteverntiltaka.

Les hele saken: Verft er stengt etter at utanlandsk arbeidar blei smitta (NRK Møre og Romsdal, 05.11.20)

Relaterte temaer

 
Nyhet