NRK Nordland, 18.12.20

Regjeringa snur etter massiv kritikk – vil likevel straffe dei som bryt innreisereglar

Regjeringa snur etter massiv kritikk – vil likevel straffe dei som bryt innreisereglar

Regjeringas nye innreiseregister som skal gjelde frå 1. januar får slakt. Politiet, kommunar og Advokatforeningen meiner at regeleverket ikkje er er strengt nok. NRK erfarar at regjeringa legg seg flat etter kritikken, og likevel vil straffe dei som bryt reglane.

I forslaget legg regjeringa opp til at innreisande sjølv skal registrere seg.

Det skal vere ei plikt, men manglande registrering gir ikkje grunnlag for bortvisning av utlendingar, heiter det i høyringsbrevet frå regjeringa.

NRK har stilt bedt Justis- og beredskapsdepartementet om å kommentere kritikken frå kommuneoverlegen, politiet og advokatforeininga.

I ein e-post skriv senior kommunikasjonsrådgivar og pressekontakt i Justisdepartementet Andreas Bondevik at dei jobbar med saka.

– Høyringsfristen for dei foreslegne endringane er nettopp gått ut, og det jobbast no med å gjennomgå alle høyringssvara og å ferdigstille innreiseregistreringssystemet. Forskrifta skal etter planen vedtakast om kort tid.

Les hele saken: Regjeringa snur etter massiv kritikk – vil likevel straffe dei som bryt innreisereglar (NRK Nordland, 18.12.20)

Relaterte temaer

Relaterte temaer

Relaterte nyheter

Forrige/neste