Skip to main content
 

No stansar innvandringa opp, og det kan få alvorlege følgjer for distriktskommunar

12. april 2021

209 norske kommunar er definert som lite sentrale, og har til felles at arbeidsmarknaden er liten, avstanden til servicetilbod kan vere stor og innbyggjartalet er lågt. I desse kommunane har andelen innvandrarar vakse til 10 prosent sidan 2000-talet. Men no er noko i ferd med å endre seg igjen i norske bygder. Innvandringa til Noreg har gått nedover dei siste åra, og fått ein bråstans på grunn av koronaviruset.

Eit vedtak som vart gjort i Brussel i 2004 fekk store konsekvensar for slike distriktskommunar. EU og EØS vart utvida austover, og i åra som følgde auka arbeidsinnvandringa til Noreg og norske småbygder kraftig. Og viste det seg at dystre spådommar om døyande norske bygder ikkje stemte likevel.

Vang kommune har jobba systematisk med å tiltrekke seg nye innbyggjarar. Av dagens vangsgjeldingar har 15 prosent utanlandsk bakgrunn. Polakkane er den største innvandrargruppa i bygda. Anna og Piotr er blant dei som har kome flyttande frå utlandet til norske bygder.

No stansar innvandringa opp, og det kan få alvorlege følgjer for distriktskommunar.

Statistisk sentralbyrå trur nedgangen i innvandring vil fortsette fram til 2060.

Les hele saka: Innvandring har berga folketalet på bygda. Men no er det bråstopp (NRK, 12.04.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet