Skip to main content
 

Kompensasjonsordning for utanlandske arbeidstakarar kjem på plass

16. april 2021

Utanlandske arbeidstakarar frå EØS-området får kompensasjon for den tida dei er hindra i å kome på arbeid medan grensene til Noreg er stengde. Arbeidsgjevar skal forskuttere beløpet og søke refusjon frå NAV.  Refusjonsordninga for arbeidsgjevarar vil starte i neste veke, og ordninga gjeld tilbake i tid til 29. januar 2021.

– Eg er glad for at kompensasjonsordninga for utanlandske arbeidstakarar kjem på plass, slik at dei er sikra inntekt i denne krevjande perioden. Reint praktisk har arbeidsgjevarane plikt til å betale ut kompensasjonen, som er på 70 prosent av sjukepengegrunnlaget. Seinare vil dei kunne søke for å få pengane refundert frå NAV, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Les hele pressemeldingen: Kompensasjonsordning for utanlandske arbeidstakarar (Arbeids- og sosialdepartementet, 16.04.21)

Se også artikkelen: Har arbeidstaker rett på lønn eller sykepenger når vedkommende ikke stiller på arbeid grunnet innreiseforbud? (NHO)

Relaterte temaer

 
Nyhet