Skip to main content
 

Bærbonden håpar på utanlandsk hjelp – men regjeringa seier nei

15. april 2021

Strenge innreisereglar til Noreg får konsekvensar for næringar som nyttar seg av utanlandsk arbeidskraft, som produsentar av frukt og grønt i landbruket. 20 utanlandske sesongarbeidarar pleier å kome til John Elling Vereide, som er bærbonde i Nordfjord. Han trur dei kjem i år også, berre regjeringa «tek til fornuft». Men landbruksministeren vil ikkje love noko som helst.

I ein normal sesong kjem rundt 18.000 utanlandske sesongarbeidarar til Noreg for å jobbe i landbruket.

I fjor svarte regjeringa med å opne grensene for «for sesongarbeidarar frå EØS-land som skal jobbe i landbruk, gartneri, skogbruk og matindustri.»

I år har det ikkje kome slike signal, sjølv om grøntprodusentane i februar kom med på lista over samfunnskritiske næringar.

– At ein sektor er ført opp på den lista betyr ikkje at alle i den aktuelle sektoren er unnateke frå innreiserestriksjonane, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Tysdag denne veka presiserte næringsminister Iselin Nybø (V) at unntaksordninga er «svært snever og skal handhevast strengt». Lempinga skjer midt i ein oppheta politisk diskusjon om importsmitte.

Les hele saken: Bærbonden håpar på utanlandsk hjelp – men regjeringa seier nei (NRK Vestland, 15.04.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet