Skip to main content
 

Vurderer å flytte heim til Polen: – Belastande kronekurs

26. juli 2024

Noreg har stort behov for arbeidskraft dei neste åra. Svak kronekurs gjer likevel at pendlarar frå Polen finn arbeid andre stader.

Jakub Kaczmarek frå Polen ser seg nøydd til å kanskje flytte frå Noreg på grunn av kronekursen. Ein polsk zloty kostar nå 2,8 norske kroner. I 2014 kosta han 1,9.

Kaczmarek arbeider som elektrikar i Sandnes, og er ikkje aleine om å legge flytteplanar heim til Polen. I løpet av første kvartal i år har 700 polakkar forlate landet, ifølge tal frå SSB. Kor mange av disse som er arbeidstakarar er uvisst.

Polakkar er den største arbeidsinnvandringsgruppa i Noreg. Ifølge tal frå SSB er det rett under 110.000 polakkar i Noreg.

Tone Grindland er regiondirektør i NHO Rogaland. Ho seier det har vore ein trend no i nokre år der fleire utanlandsfødde arbeidstakarar flyttar tilbake til sine heimland.

– Kronekursen er ein del av årsaka til at fleire vel å flytte heim og arbeide i eige heimland, og det er fordi ein tener mindre i Noreg no enn det ein gjorde før, seier ho.

Samtidig gjer endringar i innleigereglar det vanskelegare for utanlandsfødde å arbeide i Noreg.

– Det er mindre fleksibilitet i arbeidsforholdet, seier Grindland.

Nyhet