Skip to main content
 

Spørsmål om norskopplæring til vaksne innvandrarar som ikkje har rett på gratis norskopplæring

03. februar 2025

I eit skriftleg spørsmål til arbeids- og inkluderingsministeren spør Alfred Jens Bjørlo (V) kva regjeringa har gjort etter 2023 for å oppskalere tilbodet om systematisk og fleksibel norskopplæring til vaksne innvandrarar som ikkje har rett på gratis norskopplæring.

I 2024 publiserte IMDi ein rapport som evaluerte ei slik prøveordning som gjekk mellom 2021 og 2023 for å gi meir systematisk norskopplæring til arbeidsinnvandrarar og andre vaksne innvandrarar som ikkje har rett på gratis norskopplæring, men som likevel treng å styrkje norskkunnskapane sine for å kunne delta i arbeidslivet og samfunnet elles.

Evalueringa viste at det nye tilbodet om norskopplæring til arbeidsinnvandrarar i all hovudsak var vellukka og møtte eit behov som i svært liten grad vart dekt av andre ordningar og tilbod.

Rapporten er samstundes tydeleg på at etterspurnaden var høgare enn tilbodet, og at det var behov for å vesentleg oppskalere ordninga og andre eksisterande ordningar slik at dei som har behov for og ønskjer å betre norskkunnskapane sine, får høve til det.

Nyhet