Skip to main content
 

Oppdragsgivaransvar for å sikre at reglane om HMS-kort blir overhaldne

03. juli 2026

Frå 1. juli trer nye reglar i kraft som skal gjere det enklare å sikre at krava om HMS-kort blir følgde. Endringa er ein del av regjeringa sitt arbeid mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

– Vi må gjere det vanskelegare å drive useriøst og enklare å velje seriøse aktørar. Dei nye reglane skal bidra til at fleire følgjer krava om HMS-kort, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Stortinget har vedteke ein ny lovheimel som gjer det mogleg å fastsetje forskrifter om oppdragsgivaransvar for å sikre at reglane om HMS-kort blir overhaldne. Lovendringa trer i kraft 1. juli. Det blir no arbeidd med å innføre eit slikt oppdragsgjevaransvar i varetransportbransjen, men det vil også kunne vere aktuelt å innføre det i fleire bransjar der det allereie finst ei HMS-kortordning.

Reglane om HMS-kort gjeld i dag i bygg- og anleggsbransjen, reinhald, bilpleie, hjulskift og hjullagring. Frå 1. januar i år blei ordninga også innført i varetransportbransjen.

– HMS-korta er eit viktig verkemiddel for å få oversikt over kven som arbeider og kven som er arbeidsgivar. Når fleire tek ansvar for å kontrollere at reglane blir følgde, styrkjer vi kampen mot arbeidslivskriminalitet, seier Stenseng.

Nyhet