Skip to main content
 

NUPI-artikkel: Kva betyr EØS-avtalen for Noreg?

03. mai 2023

Artikkelen tar for seg Norges plass i det europeisk samarbeidet. Den redegjør for EU, EØS og EFTA, og for hvilke rettigheter, muligheter og plikter EØS-avtalen gir oss. Artikkelen som er gjengitt hos Framtida var først publisert hos NUPI 23. januar.

Nedenfor er kort utdrag fra artikkelen som er forfattet av Elsa Lilja Gunnarsdottir, vitskapeleg assistent ved NORSK UTANRIKSPOLITISK INSTITUTT (NUPI). Artikkelen er ein del av NUPI Skole sin artikkelserie «Hvor hender det?».

__________________

Pandemi og populisme, klimakrise, brexit og krigen i Ukraina: Dei siste åra har Europa stått overfor store omveltingar. Kva er Noregs plass i det europeiske samarbeidet?

Dei fire fridommar

EØS-avtalen legg til rette for fri rørsle mellom dei 30 EØS-landa for:

  • varer
  • personar og selskap
  • tenester
  • kapital

Fri rørsle betyr ikkje at dette går føre seg utan reglar. Tvert imot finst det eit svært omfattande regelverk som kontrollerer, men samtidig forenklar, desse fridommane.

Det vil seie at vi nordmenn fritt kan selje varer og tenester og hente arbeidskraft frå dei andre EØS-landa.

For at dette skal fungere, blir det krav stilt til felles reglar og standardar.

Innanfor EØS-området skal borgarar kunne forvente same minimumsstandard for helse og tryggleik på arbeidsplassen, arbeidstakarvern, forbrukarvern, likestilling, miljøvern og dyrevelferd.


Handlingsrommet: Kan Noreg påverke regelutforminga i EU?

Noreg, Island og Liechtenstein har ikkje rett til å til å vere med på å lage reglar i EU. Dei kan verken sitje eller stemme i Europaparlamentet eller Det europeiske rådet.

Dei har likevel høve til å nekte enkelte lovar, gjennom reservasjonsretten. Men dette kan føre til at den ramma delen av avtalen blir sett ut av kraft, og at landet då ikkje fullverdig kan delta i den europeiske marknaden på dette området.

Ingen av dei tre landa har så langt nytta seg av reservasjonsretten.

Veit vi nok om EU og EØS?

Regjeringa har som nemnt utnemnt eit utval som skal skrive ein rapport om Noregs erfaringar med EØS-avtalen dei siste 10 åra. Målet er å «skaffe eit best mogleg kunnskapsgrunnlag om EØS-avtalen,» ifølgje utanriksminister Anniken Huitfeldt. Det er ti år sidan Noreg sist greidde ut erfaringane med EØS-avtalen, og sidan den tid har det vore store omveltingar i Europa og i EU.

Nyhet