Skip to main content
 

Norske arbeidsgjevarar er uroa for ukrainske arbeidstakarar

03. mars 2022

Fruktbonden Anders Bergqvam i Sogndal er uroa for livet til sesongarbeidaren Ruvim Prokopenko, familien hans og resten av det ukrainske folket. Han er langt ifrå den einaste arbeidsgjevaren som er uroa. Tal frå UDI viser at kvar fjerde av over 10.000 sesongarbeidarar frå land utanfor EØS sidan 2017, kjem frå Ukraina.

Sesongarbeidarane i Noreg kjem i hovudsak frå land innanfor EØS, men blant landa utanfor EØS leverer berre Vietnam fleire sesongarbeidarar enn Ukraina.

– Dei fleste sesongarbeidarane, også frå Ukraina, jobbar innan landbruk- eller gartnarnæringa, seier Christiane Heffermehl Lange, einingsleiar i UDI Opphald.

Ei kartlegging i fjor viste at nær 100 av Gartnerhallen sine produsentar meir eller mindre baserer seg på arbeidarar frå Ukraina. Til saman hadde dei avtaler med kring 800 ukrainske arbeidstakarar.

Kva som skjer i år er uvisst.

Les hele saken: Norske arbeidsgjevarar er uroa for ukrainske arbeidstakarar (NRK Vestland, 03.03.22)

 
Nyhet