Sirkusdirektør Jan-Ketil på veg til Ukraina for å hjelpe ansatte
10. mars 2022
– Eg har aldri vore meir klar for ny sesong, seier sirkusdirektør Jan-Ketil Smørdal etter to koronaår. Så blei det krig i Ukraina. No er årets sesong utsett. For den eine artistfamilien og heile den tekniske staben i Cirkus Agora er ukrainarar.
No er Smørdal på veg mot landet med ein fullasta semitrailer og to bussar, og lege, tolkar og ekstra sjåførar.