Skip to main content
 

Noko lågare sysselsetting blant innvandrarar i 2023

05. mars 2024

I dei ulike innvandrargruppene basert på verdsregionar var det størst nedgang i prosentdelen sysselsette blant dei frå Europa utanom EU på heile 6,5 prosentpoeng som følgje av det store talet på flyktningane frå Ukraina. Det var elles berre marginale aukar og blant innvandrar frå EU/EFTA-landa, både nye og gamle, var sysselsettinga heilt uendra.

Nye tal fra Statistisk sentralbyrå visar at 68,2 prosent av innvandrarane i alderen 20-66 år var sysselsette i 4. kvartal 2023. Dette var 1 prosentpoeng lågare enn året før. I resten av befolkninga låg delen sysselsette uendra på 79,8 prosent.

Nedgangen i sysselsettinga blant innvandrarar heng saman med den store flyktningstraumen frå Ukraina. I løpet av 2022 og 2023 vart 36 000 ukrainske flyktningar i alderen 20-66 år busette i Noreg. Av dei var 16,9 prosent sysselsette ved utgangen av 2023. Eit stort fleirtal av nyleg busette flyktningar deltar på introduksjonsprogrammet den fyrste tida i Noreg og er difor ikkje på arbeidsmarknaden. Viss vi held krigsflyktningane frå Ukraina utanfor innvandrargruppa, får vi ei auke i sysselsettinga frå 70,4 prosent i 2022 til 70,8 prosent i 2023.

Nyhet