Nesten 100.000 arbeidarar med adresse i utlandet får ikkje reist til eller frå jobb

  • 08. februar 2021

Når regjeringa stengte grensene, låste dei mange arbeidarar fast anten på jobb eller heime. Til saman er det nesten 250.000 arbeidsinnvandrarar i Noreg. Mange av dei bur også i landet, men 93.000 har adresse i utlandet og er difor hardt råka av stengte grenser. Tillitsvalde meiner det viser kor sårbare vi er.

Talet på arbeidsinnvandrarar har stige frå 36.000 i 2003 til om lag 250.000 i 2020. Ei stor gruppe reiser til Noreg på korttidsopphald for å jobbe, men bur i heimlandet. Dei nyaste tala NAV har for den gruppa som pendlar over grensa, er 93.852 sysselsette på korttidsopphald. Bransjane som dominerer, er bygg og anlegg, industri og utleige arbeidskraft.

Mykje industri og bygg og anlegg er avhengige av at det kjem arbeidarar frå utlandet. Periodar gjennom fjoråret viste kor kritisk det vert når arbeidarane ikkje kjem inn i landet.

Sist sommar var det vanskeleg å finne nokon til å plukke jordbæra, og no trengs det tusenvis av arbeidarar for å hente lofotfisken opp av havet.

Vanskeleg å få tak i norske
– Å få tak i norske arbeidarar er ei utfordring. Kvifor må vi kjempe om lærlingane, spør seier Amram Hadida, som er klubbleiar for Fellesforbundet på Aker Solutions-verftet på Stord. Han viser til at det berre er éin skule i landet som utdannar lærlingar til industrimålarfaget.

Statusen for handverk fell
Røyrleggjar Marie Linn Havsgård i verksemda Chr. Vestrheim AS meiner det ikkje vert utdanna nok norske arbeidstakarar.

– Når vi tidleg på 2000-talet opna opp for innleige i byggjebransjen, så påverka det statusen til norske fagarbeidarar. Når det har kome inn mange utanlandske arbeidarar, særleg tømrarar og målarar, så speler det inn på statusen til yrka, seier ho.

Tek jobbane vi ikkje vil ha
Professor i sosiologi ved NTNU Jophan Fredrik Rye fortel at arbeidsinnvandrarane ofte tek dei jobbane som nordmenn ikkje vil ha.

Les hele saken: Arbeid på grensa: Frå 2003 har talet på arbeidsinnvandrarar til Noreg auka med over 200.000 (Klassekampen, 08.02.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet

Besøk oss

Borggata 2B,
Grønland, Oslo.
Kart

Fafo Østforum

Prosjektleder og web-redaktør:
Anne Mette Ødegård

Prosjektmedarbeidere:
Alf Tore Bergsli, Johanne Stenseth Huseby og Tina Østberg

Kontakt redaksjonen: Epost

logo fafo 194x64

Postboks 2947 Tøyen, 0608 Oslo
Telefon: 22 08 86 00
Daglig leder: Tone Fløtten


Copyright © 2023 fafooestforum.no | Design: Alf Tore Bergsli | Programmering: Ørnulf Bratlie