Skip to main content
 

Lønn og arbeidsvilkår i utelivsbransjen: Brot på reglar i sju av ti kontrollar

10. mai 2023

Ein av fire kontrollerte verksemder hadde brot på reglane om minstelønn. Det er oppsummeringa til Arbeidstilsynet etter over 1.000 tilsyn med lønns- og arbeidsvilkåra på serverings- og overnattingsstadar.

Tilsyna vart gjort uventa over heile landet i perioden mellom januar i 2022 til januar i 2023 – hovudsakleg ved restaurantar, men også barar og hotell.

Om lovbrota, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet i ei pressemelding:

– Dette er alvorleg, og det underbygger det at overnattings- og serveringsbransjen er ei av dei mest utsette næringane. Bransjen er prega av mange små verksemder, stor gjennomstrøyming og mykje deltidsarbeid.

– I tillegg er det ofte ein høg del unge og utanlandske arbeidstakarar, låg organisasjonsgrad både blant arbeidstakarar og arbeidsgivarar, og ofte låg og manglande kunnskap om reglane i arbeidslivet, både plikter og rettar. Da er det spesielt viktig at vi gjennomfører tilsyn.

Nyhet