Skip to main content
 

Leder: – Fødselstala vil ikkje berge oss

22. februar 2024

– Om vi skulle ha rekruttert framtida si arbeidskraft blant dei som blir fødde ved norske fødestover, ville det sett mørkt ut. Utan arbeidsinnvandring ville vi ikkje hatt sjanse. Og verst ville det vore for distriktsfylka, skriver Sunnmørsposten på lederplass.

Utdrag fra lederen:

Kampen om arbeidskrafta er allereie knallhard i mange sektorar. I helsesektoren er dette eit stort og veksande problem. Verst blir det i dei regionane som ikkje klarer å trekkje til seg nye innbyggjarar utanfrå.

Møre og Romsdal er blant fylka som slit mest, syner den ferske folketalsstatistikken frå Statistisk sentralbyrå.

Vi må gjerne jobbe hardt for å halde på ungdommen, men fødselsoverskotet er altfor lite til at det vil monne. Utan innvandring stoppar Møre og Romsdal.

Nyhet