Skip to main content
 

Fann alvorleg bruk av ulovleg arbeidskraft

03. desember 2025

A-krimsenteret i Agder kontrollerte nyleg 14 serveringsstader frå Kristiansand til Lyngdal. Under kontrollen avdekte senteret brot hos 10 av 14 kontrollerte serveringsstader. Fire av restaurantane vart melde for bruk av arbeidstakarar utan gyldig arbeidsløyve i Noreg.

– Vi ser alvorleg bruk av ulovleg arbeidskraft. I dette tilfellet blir også arbeidsgjevar meld for å ha nytta seg av ulovleg arbeidskraft, seier senterleiar Øyvind Lorentzen.

Ved å nytte ulovleg arbeidskraft, utnyttast ofte dei tilsette. Lønna blir ofte betalt ved kontantar eller anna skjult lønnsutbetaling.

Lorentzen peikar på at mange små verksemder, stor gjennomstrøyming, utanlandske arbeidstakarar og ofte mange unge i sving gjer bransjen utsett.

Nyhet