Skip to main content
 

Draumen om å lære norsk

16. november 2025

Hanna Zielinska vil ha ein norsk jobb og delta meir aktivt i samfunnet. Nøkkelen er å lære norsk, noko ho ikkje har rett til. Ho har spurt Lærdal kommune om plass på norskkurset i regi av vaksenopplæringa, men det er berre for innvandrarar med rett på gratis norskopplæring.

– Eg har sagt fleire gongar at eg kan betale for kurset, men får framleis nei, fortel Zielinska.

Innvandrarar som kjem for å søkje asyl i Noreg har rett på norskopplæring.

– Styresmaktene har eit særleg ansvar for flyktningar og personar med kollektivt vern, då dei som regel ikkje klarer å finansiere opplæringa sjølve, seier arbeids- og inkluderingsminister, Kjersti Stenseng.

I 2024 kom over 10 000 arbeidsinnvandrarar til Norge, i følge tal frå SSB. Det er ikkje krav om norskopplæring for arbeidsinnvandrarar.

– Arbeidsinnvandrarar kjem til Noreg med jobb, og arbeidsgivar som tilset dei, bør bidra til språkopplæring, seier Stenseng.

Som frilansjournalist for polske medium har ikkje Zielinska ein fast arbeidsgivar som kan legge til rette for norskopplæring. Då er det særleg vanskeleg å lære nynorsk, noko fleire arbeidsplassar i Sogn og Fjordane krev av ho.

Men, i haust har det opna seg ei moglegheit for Zielinska og andre arbeidsinnvandrarar i Lærdal. Nav arrangerer eit nynorsk språkkurs for arbeidsinnvandrarar. Kurset er på nivå A1-A2, og det kostar 6500 kroner å delta. Ein pris ikkje alle kan betale.

Private aktørar tilbyr norskkurs for innvandrarar som ikkje er ein del av integreringsprogrammet i kommunane. Men, dei fysiske tilboda er ikkje tilgjengelege i heile landet.

Zielinska håper at arbeidsinnvandrarar ein dag kan få rett til norskopplæring på lik linje med andre innvandrarar.
Å lære språket vil gjere det enklare å delta i samfunnet og arbeidslivet.

Nyhet