NRK, 19.10.22

Diskriminering på bustadmarknaden. Måtte endra namn for å få leilegheit

Det skulle ei namneendring til før Sofia Ciel fekk leilegheit via Finn. Nå fortel fleire polakkar om diskriminering i Noreg.

Polakkar utgjer den største innvandrargruppa i Noreg. Rundt 115 000 polakkar bur i Noreg i dag, viser statistikk frå SSB.

– Eg visste at det fanst mange steorotypiar om polakkar, men eg visste ikkje korleis dei fungerte i praksis, seier kunstkritikar Sofia Ciel.

Dei siste tre månadene har Ciel leita etter ny leileghet. Denne gongen har ho ikkje berre endra namnet på Finn, men ho har også endra det offisielt.

– Eg vil unngå problema ein får med å ha eit austeuropeisk namn, seier Ciel.

– Ofte vert polakkar omtalt som billig arbeidskraft og småkriminelle, med falske covid-attestar. Me høyrer berre om dei, ikkje frå dei, seier forfattar og sosiolog Ewa Sapiezynska.

På bakgrunn av eigne og eit trettitals andre polakkar sine erfaringar i Noreg, har ho nett gitt ut boka Jeg er ikke polakken din. Diskriminering på bustadmarknaden har også forfattaren opplevd sjølv.

– Polakkane er ikkje dei som er mest diskriminerte i Noreg. Det er berre det at me ikkje har prata så mykje om det før, seier ho.

– Dei nye svarte i Noreg er polakkar, seier Akhenaton de Leon, leiar i organisasjonen Offentleg organisasjon mot diskriminering (OMOD).

Gjennom OMOD har han møtt folk frå Polen som ikkje opplever å verta trudd på når dei fortel om rasisme, nett fordi dei er kvite.

I ein Fafo-rapport frå i år, oppgav nesten halvparten av innvandrarar at dei har opplevd diskriminering det siste året. Somaliske innvandrarar rapporterte om mest diskriminering, og polske innvandrarar minst.

Les hele saken: Måtte endra namn for å få leilegheit (NRK, 19.10.22)


Relaterte nyheter

  • Relaterte publikasjoner


    Hvor vi er

    Besøksadresse: Borggata 2B,
    Grønland, Oslo.
    Kart

    Fafo Østforum

    Prosjektleder og web-redaktør:
    Anne Mette Ødegård

    Prosjektmedarbeidere:
    Alf Tore Bergsli, Johanne Stenseth Huseby og Tina Østberg

    Kontakt redaksjonen: Epost

    logo fafo 194x64

    Postboks 2947 Tøyen, 0608 Oslo
    Tlf: (+ 47) 22 08 86 00
    Daglig leder: Tone Fløtten

    Copyright © 2022 fafooestforum.no | Design: Alf Tore Bergsli, programmering: Ørnulf Bratlie