Skip to main content
 

Debatt: – Staten og kapitalen finansierer kriminelle nettverk

03. juli 2026

– Både staten og finansnæringa blir svindla fordi kriminelle kan utnytte tryggingshol i det norske tillitsbaserte systemet. Kan det vere nyttig å sjå på staten og kapitalen — les finansnæringa — med andre auge også i dag? Ja, det trur eg, skriver Lars Mamen, dagleg leiar, Fair Play Bygg Oslo og omegn.

Utdrag fra innlegget;

Gjennom ei rekkje møte med menneske som blir utnytta i arbeidslivskriminalitet (a-krim), har vi i Fair Play Bygg lært mykje om metodane dei kriminelle nyttar.

Denne kunnskapen gjer at vi kan førebyggje a-krim.

Fair Play Bygg Oslo og omland sit på ei skattekiste av informasjon. Nyleg bad Økokrim oss samle alle varsla våre om registerkriminalitet. Mappa omfattar 302 varsel sende inn frå 2023 og fram til i dag.

Varsla viser korleis aktørar etablerer seg i arbeidslivet, tek kontroll over tilsynelatande lovlege føretak og sender inn falske opplysningar til Brønnøysundregistera, Skatteetaten og Nav.

Ofte er det nesten komisk kva staten godkjenner av falske opplysningar.

Det er ein liten krins av sentrale personar som står bak mykje av denne kriminaliteten. Det bør vere mogeleg å setje denne gruppa ut av spel. Her er nokre framlegg:

  • Kontroller registerdata. Brønnøysundregistera, Nav og Skatteetaten må ikkje bli reiskap for kriminelle.
  • Inndra verdiar frå kriminelle. Ta bilar, klokker og eigedom når dei ikkje kan gjere greie for kvar pengane kjem frå.
  • Etterforsk lønstjuveri og ID-tjuveri. For mange saker blir lagde bort av politiet.
  • Ha tillit til den kunnskapen Fair Play Bygg sit med.
Nyhet