Aktiviteten til Skattepatruljen skal vere med på å krympe handlingsrommet for useriøse og kriminelle aktørar. Patruljen rettleier også utanlandske arbeidstakarar om rettane og pliktene dei har.
Skattepatruljen har eit tett samarbeid med a-krimsentra og Arbeidstilsynet, Nav, politiet, Statens vegvesen, Tolletaten, Fiskeridirektoratet, Kystvakta, kommunane (serveringsløyve) og Mattilsynet.