Skip to main content
 

Unngjekk bemanningskrise på hotell: – Me satsa lokalt og ungt

30. september 2021

Grunna manglande utanlandsk arbeidskraft, har hotell- og serveringsbransjen trygla om opne grenser. I ei medlemsundersøking frå NHO Reiseliv kjem det fram at om lag halvparten av bedriftene som vanlegvis er avhengig av utanlandsk arbeidskraft, ikkje klarte å erstatta sesongarbeidarar.

Det frykta naturlegvis hotelldirektør på Brakanes Hotell i Ulvik, Ingrid Prestegard òg.

Heldigvis gjekk det langt betre enn forventa.

– Det har løyst seg ganske greitt. Me har fantastisk lokal ungdom som har stilt opp. Dei har vore søren så flinke, seier Prestegard.

Sjølv om sommaren gjekk betre enn frykta, er det framleis mangel på arbeidskraft i heile bransjen.

Les hele saken: Unngjekk bemanningskrise på hotell: – Me satsa lokalt og ungt (NRK Vestland, 30.09.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet