Skip to main content
 

Polske Seweryn tar norskkurs og fagbrev etter ti år i Noreg: – Aukar verdien min

08. november 2022

Dei siste ti åra har Seweryn Dumanski (50) jobba som forskalingssnikkar for bemanningsbyrået Workshop Bemanning. Med norskkurs og fagbrevet i boks, håpar han på høgare lønn, fast jobb utanfor bemanningsbransjen og å føle seg som ein del av det norske samfunnet.

I vår slo Fellesforbundet-medlemmen til på fagforeininga sitt tilbod om norskkurs og teorikurs i betongfaget, sånn at han kan ta teorieksamen og fagprøva som såkalla praksiskandidat. Men det er ikkje berre på grunn av det norske fagbrevet han vil lære språket.

– Eg har lært litt norsk, men vil snakke meir med folk. Det blir einsamt utan vennar og djupare samtaler. Norsk språk gir deg moglegheiter i Noreg, forklarer 50-åringen – som vil finne ut om han kan bli ein del av det norske samfunnet.

Les hele saken: Polske Seweryn tar norskkurs og fagbrev etter ti år i Noreg: – Aukar verdien min (FriFagbevegelse, 08.11.22)

 
Nyhet